Bonanza
Utsjånad
| | |||
| Type | fjernsynsserie | ||
|---|---|---|---|
| Sjanger | westernserie, drama | ||
| Opphavsland | USA | ||
| Sesongar | 14 | ||
| Episodar | 431 | ||
| Lengd | 50 minutt | ||
| Språk | Engelsk | ||
| Skapar | David Dortort | ||
| Medverkande | |||
| Kanal | NBC | ||
| Biletformat | 4:3 | ||
| Lydformat | Mono | ||
Bonanza er ein amerikansk westernserie som gjekk på NBC frå 1959 til 1973. Serien handlar om den hardt arbeidande og respekterte familien Cartwright og livet deira på ranchen Ponderosa i Nevada. Her jobbar dei mellom anna med å beskytte sin eigen ranch, samstundes som dei hjelper til med å halde områda rundt trygge. Familien består av Ben Cartwright (spelt av Lorne Greene) og dei tre vaksne sønene hans: Adam (Pernell Roberts), Eric (Dan Blocker) og Joseph (Michael Landon).
Serien vart særs populær i USA og låg øvst på fjernsynstoppen frå 1964 til 1967. I 1971 byrja sjåarinteressa å falle, noko som bidrog til at serien vart nedlagd i 1973. I tillegg døydde Dan Blocker i 1972, som gjorde det meir krevjande å halde fram med serien.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «The First Time a TV Show Addressed the Death of a Character». Mental Floss. Henta 13. desember 2016.
- ↑ Aftenposten TV-program seksjon (22.8.1997, s.4)