Borgå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Borgå
by
Porvoo in January.jpg
Land Flag of Finland.svg Finland
Del av Nylands valgkrets

Borgå
60°23′35″ N 25°39′50″ E
Wikimedia Commons: Porvoo

Borgå (finsk Porvoo) er ein by og kommune i landskapet Nyland sør i Finland. Borgå har 47 404 innbyggjarar og eit areal på 663 km². Borgå grensar til kommunane Sibbo, Borgnäs, Askola, Mörskom og Lovisa.

Byen ligg i den austlegaste finlandssvensken regionen, og var tidlegare einspråkleg svensk. No har likevel byen finsktalande fleirtal (ca. 64 %).

Borgå er den nest eldste byen i Finland og vart grunnlagt av den svenske kongen Magnus Eriksson i 1346. Byen er bispesete for alle svenskspråklege kyrkjelydar i Finland.

Etter at Finland vart russisk storfyrstedømme i 1809 vart Borgå lantdag halde i byen. Her vart religionen i landet stadfesta. Likeeins vart Finlands rett til å halde på svensk lov slått fast.

Finlands nasjonalskald Johan Ludvig Runeberg levde i Borgå i 40 års tid frå 1837 fram til han døydde i 1877.

Ting å sjå i Borgå er mellom anna [domkyrkja og dei gamle trehusa som ligg rundt. Gamlebyen i Borgå utgjer saman med Borgå ådal eit av dei 27 offisielle nasjonallandskapa i Finland.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]