Hopp til innhald

Borgny Grande

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Borgny Grande
Fødd22. februar 1979 (47 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2001–2005)
  • ordførar i Grong (2019–2023) Sjå dette på Wikidata

Borgny Kjølstad Grande (fødd 22. februar 1979) er ein norsk Sp-politikar, økonom og gardbrukar. Ho var ordførar i Grong kommune frå 2019 til 2023.

Grande har mastergrad i økonomi og ressursforvaltning frå NLH og har arbeida innan blant anna landbruksrådgiving. Ho er også gardbrukar på Tømmerås i Grong.[1]

Ho var medlem av Nord-Trøndelag fylkesting i periodane 1999–2003 og 2003–2007, det siste året som leiar i fylkestingsgruppa til Senterpartiet.

Frå 2017 til 2019 var Grande leiar av Nord-Trøndelag Bondelag.[2]

Frå 2019 til 2023 var Grande ordførar i Grong kommune.[3]

  1. ↑ «Protokoll- Valgnemnda i Nord-Trøndelag Bondelag 2013» (PDF). Norges Bondelag. Henta 5. oktober 2023.
  2. ↑ «Bondelagsleder på topp for Sp». Namdalsavisa. 6. desember 2018. Arkivert frå originalen 2019-09-04. Henta 2019-10-23. {{cite web}}: Invalid |url-status=død (hjelp)
  3. ↑ «Borgny fra Tømmerås er en historisk dame». Namdalsavisa. 17. oktober 2019. Arkivert frå originalen 2019-10-22. Henta 2019-10-23. {{cite web}}: Invalid |url-status=død (hjelp)