Hopp til innhald

Borken i Hessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Borken
by
Land  Tyskland
Stat Hessen
Areal 82,46 km²
Folketal 12 565 (31. desember 2023)[1]
Kart
Borken
51°02′57″N 9°16′45″E / 51.04915°N 9.2793°E / 51.04915; 9.2793
Wikimedia Commons: Borken (Hessen)

Borken er ein by og ein kommune i Schwalm-Eder-Kreis nord i forbundslandet Hessen i Tyskland. Kommunen hyser kringom 12 500 ibuarar og omfattar 82,5 km². Byen ligg 50 kilometer sørvest for Kassel.

Borken var ein gruveby basert på utvinning av brunkol. Etter ei ulukke i 1989 som kosta 51 menneskeliv vart all gruve-verksemd avvikla. Dei tidlegare dagbrota har sidan vorte omgjort til naturområde, både land- og vassområde.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Borken i Hessen
  1. Alle politisch selbständigen Gemeinden mit ausgewählten Merkmalen am 31.12.2023 (på tysk), Statistisches Bundesamt, 28. oktober 2024, Wikidata Q131220759, arkivert frå originalen 17 November 2024, henta 16. november 2024