Braastad Cognac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei flaske Braastad XO og eit tulipanforma cognacglass

Braastad er eit konjakkmerke produsert av konjakkhuset Tiffon. Dei eig om lag 40 ha vinmark i Grande Champagne og Fins Bois, og kjøper elles inn både vin for destillering, nydestillert konjakk og lagra konjakk frå rundt 350 andre vinbønder. Dermed er dei òg ein négociant.

I alt kjem 10% av konjakken deira frå Borderies, og 30% frå kvart av områda Fins Bois, Grande Champagne og Petite Champagne. Til saman ca. 6 millionar liter vin går med til destillasjon av konjakk her.

Konjakkhuset heiter eigentleg Tiffon, men marknadsførast i Noreg under namnet Braastad på grunn av den norske eigarskapen. Braastad konjakk er eit merke eigd av Tiffon. I tillegg marknadsfører ein i Noreg merket Bonaparte, som er eit Arcus-produkt, som blir tappa på flaske av Arcus, men konjakken er kjøpt inn frå Tiffon. Hovudsetet er familiens vingard; Château de Triac, som ligg i Petite Champagne.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tiffon si historie blir rekna frå 1875, då Méderic Tiffon grunnla konjakkhuset.

Sverre Braastad flytta i 1911 frå garden Braastad utanfor Gjøvik til Cognac. Her fekk han jobb på konjakkhuset Bisquit, men fall etterkvart for dottera i konjakkhuset Tiffon, Edith Rousseau. Dei gifta seg i 1913.

Tiffon blir i dag drive av Sverre Braastad sin son, Robert Tiffon, og sonesønene Antoine, Jan og Richard.

Ein annan Braastad, Philippe Braastad-Tiffon arbeider som kjellarmeister hos eit anna «norsk» konjakkhus; Birkedal Hartmann. Han er barnebarn av Sverre Braastad, og gjekk ut av konjakkhuset Braastad etter usemje om drifta av huset.[1] Han har òg lansert ein egen brandy med namnet Braastad-Tiffon, men dette er ikkje ein konjakk, sidan den er laga utanfor cognac-regionen.[2]

Nokre produkt[endre | endre wikiteksten]

Tiffon[endre | endre wikiteksten]

  • V.S.
  • V.S.O.P.
  • X.O.
  • Vieux Superieur
  • Grande Champagne
  • Grande Reserve
  • Vieille Reserve

Braastad[endre | endre wikiteksten]

Braastad VSOP.
  • V.S.
  • V.S.O.P.
  • X.O. Fine Champagne
  • Château de Triac Réserve de la Famille (mellom 40-60 års fatlagring)
  • Braastad 100 Ans de Liberté

Bonaparte[endre | endre wikiteksten]

  • VS (ny versjon av Vinmonopolets gode gamle "Tre Stjerner", relansert i 1997).
  • VSOP – Petite Champagne og Fins Bois, lagringstid er 4-8 år på eikefat.
  • Bonaparte La Fontaine Single Vineyard – Heile konjakken er henta frå éin vingard; La Fontaine. Lagringstid ca. 10 år.
  • XO – minimum lagringstid på eikefat er 16 år.
  • Bonaparte Royal 60 ans (jubileumskonjakk ifm. kongeparets 60-årsdag) – samansett av 60 år gamle konjakkar frå Grande Champagne og Petite Champagne.

Andre drikkar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]