Bracelet Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bracelet Bay

Bracelet Bay er ei bukt på sørsida av Gowerhalvøya i Wales, like sørvest for Swansea Bay.

Ho er ei lita bukt omgjeve av kalksteinsklipper. Det ligg ein stor parkeringsplass oppfor stranda med restaurantar og ein bar.

På Tutt Hill, like ved bukta, står utkikkspost for kystvakta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 51°33′55″N 3°58′41″W