Brannstell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brannstellet i arbeid under ein brann i Quebec i Canada.
Brannstellet på plass ved ei bilulukke i Tyskland.

Brannstell har som oppgåve å berge menneske, dyr og eigedom frå brann og andre typar ulukkar, oversvømmingar og anna. Brannstellet er organisert som ein fast mannskapsstyrke med vakt døgeret rundt, eventuelt med mannskap som skal tilkallast, og skal ha til disposisjon særlege utstyrte køyretøy og anna reiskap som er nausynt for å slukke brannar i bygningar, transportmiddel eller andre konstruksjonar, få ut personar frå brennande bygningar, frå kollisjonsskadde bilar, tog, fly og anna. Utstyr og mannskap er samla på brannstasjonar.

Røykdykkarar frå Bamble brannvesen.

Brannstellet skal dessutan stå for kontrollar og opplysningsarbeid som skal hindre at brann kan oppstå.

I Noreg er brannstellet i hovudsak eit kommunalt ansvar, ofte organisert som eit samarbeid mellom grannekommunar. Men somme verksemder med særleg ulukkerisiko, som til dømes flyplassar, skal i tillegg ha sitt eige lokale og spesialtrente brannvern med eige utstyr eigna til å berge folk frå dei ulukkane som kan skje i vedkomande verksemd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]