Breidd i optikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Breidda til spektrallinjer, eller meir presist halvverdibreidda, er skilnaden mellom dei to frekvensane der strålingsintensiteten er halvparten av maksimalintensiteten. Ei spektrallinje omfattar alle frekvensar innanfor eit eit smalt frekvensband, som ikkje er skarpt avgrensa. Intensiteten minkar frå midten av bandet mot sidene. Breidda er delvis avgjort av den indre strukturen til atomet, det vil sei tilstanden i atomet før og etter lysutsendinga, dels ved temperaturen og trykket i stoffet, noko som vert nytta i astrofysikken ved studiet av dei fysikalske tilhøva i stjernene.

På tilsvarande måte tyder breidda av eit bølgjeband for lydbølgjer, radiobølgjer osv. den frekvensavstanden der intensiteten til bølgja er større ein viss brøkdel av den maksimale verdien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]