Brest i Frankrike

Koordinatar: 48°23′27″N 4°29′8″E / 48.39083°N 4.48556°E / 48.39083; 4.48556
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brest
Horisonten til Brest i Frankrike
Horisonten til Brest i Frankrike
Byvåpenet til Brest i Frankrike
Byvåpenet til Brest i Frankrike
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Bretagne
Finistère
Geografi
Flatevidd 49,51 km²
Flatevidd
 - By

49,51 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

149 634
  3 022/km²
303 484
Koordinatar 48°23′27″N 4°29′8″E / 48.39083°N 4.48556°E / 48.39083; 4.48556
Høgd over havet 34 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 29019/29200
Heimeside: Offisiell side med webkamera
Plassering

Brest er ein by i regionen Bretagne nordvest i Frankrike, og prefecture (hovudstad) i departementet Finistère. Byen ligg heilt vest i Bretagne, og er ein viktig hamneby og marinebase. Brest har eit folketal på nesten 150 000 innbyggjarar, medan storbyområdet etter ei folketeljing i 1999 hadde 303 484 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det vart bygd festningsverk rundt militærhamna av Vauban (1633–1707). Under den andre verdskrigen hadde tyskarane ein stor ubåtbase i Brest. Byen vart totaltøydelagd under Slaget ved Brest, berre tre bygningar stod igjen, og byen har sidan vorte bygd opp att. Etter krigen var over måtte den vesttyske regjeringa betale fleire milliardar dollar som kompensasjon til dei heimlause og naudlidande innbyggjarane i byen. Den nybygde byen består stort sett av grå granitt- eller betongbygningar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Brest ligg midt i eit dramatisk landskap nær inngangen til Rade de Brest heilt vest i Bretagne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brest