Brevik Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Brevik Idrettslag er eit norsk idrettslag frå Brevik i Telemark, skipa 17. oktober 1893. Laget er aktivt med i fotball, symjing og troppsturn.

Fotballaget spelar i raude trøyer, kvite bukser og grøne strømper. Brevik har med få unnatak spelt fotball på lokalt nivå, 4.-6. nivå i seriesystemet.

Brevik IL hadde bandylag i mange år til inn på 1990-talet. I 1968 deltok bandylaget i den norske toppserien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]