Brian Cowen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brian Cowen

Brian Cowen, irsk Brian Ó Comhain (fødd 10. januar 1960) er ein irsk politikar som var statsminister i republikken Irland frå 7. mai 2008 til 9. mars 2011. Han var leiar for partiet Fianna Fáil.

Cowen vart fødd i Clara i County Offaly. Faren, Bernard Cowen, var òg parlamentsmedlem for Fianna Fáil. Brian Cowen studerte jus ved University College i Dublin og vart advokat. Då faren hans døydde i 1984 vart Brian Cowen valt inn i parlamentet i suppleringsvalet og overtok dermed faren sin plass som parlamentsmedlem (Teachta Dála). Som 24-åring var han den yngste parlamentsmedlemen i den perioden. Han beheldt plassen som parlamentsmedlem fram til 2011.

I 1992 fekk Cowen sin første statsrådspost, som arbeidsminister. Då ei ny koalisjonsregjering vart danna i 1993 vart han energiminister. Frå 1994 til 1997 sat Fianna Fáil i opposisjon. Då partiet igjen vann regjeringsmakta vart Cowen først helse- og barneminister (1997-2000), så utanriksminister (2000-2004) og finansminister (2004-2008). Etter at Cowen vart nestleiar for Fianna Fáil i 2002 var han sett på som ein sterk kandidat til å følgja etter Bertie Ahern som partileiar og statsminister. Ahern kunngjorde i april 2008 at han ville gå av som partileiar og statsminister etter ein finansskandale. Partiet valde Cowen som etterfølgjaren hans, og han overtok som statsminister 7. mai 2008. I regjeringa hadde han først med to mindre parti som koalisjonspartnarar - Green Party (Det grønne partiet) og det liberale Progressive Democrats (Progressive demokratar). Partiet Progressive Democrats vart oppløyst i 2009, og Cowen sin koalisjon heldt fram med berre Fianna Fáil og Dei grønne. Etter at Irland vart ramma hardt av den internasjonale finanskrisa i 2008 og 2009, mista Cowen og Fianna Fáil mykje støtte. Cowen vart utfordra som partileiar og gjekk av som partileiar i januar 2011, og dagen etter trekte Dei grønne seg frå regjeringskoalisjonen. Cowen utlyste nyval og erklærte at han ville trekkja seg frå politikken. Han sat som statsminister til 9. mars, då Enda Kenny frå partiet Fine Gael, som vann valet, tok over.

Cowen har tidlegare spelt gælisk fotball. Han har innrømt overfor pressa at han røykte marihuana i studenttida.[1] Han er gift med Mary Molloy og har to døtrer.