Brit Awards

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brit Awards ved Earls Court Centre i 2008.

BRIT Awards eller berre BRITs er ein britisk musikkpris som blir delt ut årleg av British Phonographic Industry til utøvarar av populærmusikk.

Prisen har opphav i Britannia Awards, som blei delte ut i som ei markering av hundreårsjubileet for lydopptak.[1] Frå 1982 blei det ei årleg tilstelling, British Record Industry Awards, støtta av næringsforeininga til den britiske musikkindustrien, BPI. Namnet blei endra til BRIT Awards i 1989.[2] Namnet «Brit» kan vera ei forkorting for British eller Britannia, medan «BRITS» er eit bakronym for British Record Industry Trusts Show.[3] Det finst også ei tilsvarande prisutdeling for klassisk musikk, Classic BRIT Awards.

Utdelinga blei send direkte på fjernsyn fram til 1989, då det var fleire problem ved utdelinga leia av Samantha Fox og Mick Fleetwood.[4] Frå 1990 til 2006 blei tilstellinga teken opp og vist på fjernsyn kvelden etter. Frå 2007 blei utdelinga direktesend att, på fjernsynskanalen ITV.[4] Fram til 2010 fann utdelinga stad ved Earls Court Exhibition Centre i London. I 2011 blei ho halden ved O2 Arena i London.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Who's the biggest Brit?». BBC News. 16. februar 1999. 
  2. «British Pop's Big Party». BBC News. Henta 22. april 2018. 
  3. «BRITs Duo On Track To Reach Dizzee-ing Heights in UK Charts». British Recorded Music Industry. Henta 28. april 2011. 
  4. 4,0 4,1 «2007 Brits to be broadcast live». BBC. Henta 23. november 2012. 
  5. «The BRIT Awards 2011 with MasterCard unveils new location». BPI. Henta 23. november 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]