Hopp til innhald

British Australian New Zealand Antarctic Research Expedition

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Douglas Mawson si gruppe gjer krav på Mac. Robertson Land for den britiske krona under BANZARE.

British Australian New Zealand Antarctic Research Expedition (BANZARE) var ein forskingsekspedisjon til Antarktis mellom 1929 og 1931 som omfatta to reiser i løpet av dei to australske somrane. Ekspedisjonen var eit samarbeid innan Det britiske samveldet og føremålet var meir geopolitisk enn vitskapleg. Storbritannia, Australia og New Zealand finansierte ekspedisjonen.

Leiaren av BANZARE var Douglas Mawson, og som ekspedisjonsskip vart RRS «Discovery» nytta, tidlegare nytta av Robert Falcon ScottDiscovery-ekspedisjonen i 1901–04. BANZARE kartla kystlinja av det antarktiske kontinentet og oppdaga Mac. Robertson Land og Princess Elizabeth Land, òg ved hjelp av eit småfly.

Det geopolitiske innhaldet til ekspedisjonen kom til syne gjennom at Mawson proklamererte av britisk statsvelde over dei fem områda der dei gjekk i land. Desse områda vart i 1933 overdrege til Australia.

BANZARE hadde òg vitskapleg innhald og publiserte 13 bind rapportar om geologi, oseanografi, jordmagnetisme, zoologi og botanikk mellom 1937 og 1975.

  • Denne artikkelen bygger på «BANZARE» frå Wikipedia på bokmål, den 24. oktober 2012.
  • B.A.N.Z. Antarctic Research Expedition 1929–1931 Reports (1937–1975), Adelaide: BANZAR Expedition Committee & Mawson Institute for Antarctic Research, University of Adelaide.
  • Collis, Christy (2004) The Proclamation Island Moment: Making Antarctica Australian. Law Text Culture 8:1–18.
  • Price, A. Grenfell (1962) The Winning of Australian Antarctica: Mawson's BANZARE voyages, 1929–31: based on the Mawson Papers, Sydney: Angus & Robertson.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]