Brunholmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°28′23.60″N 6°09′10.82″E

Aksel Holms plass der sundet mellom Aspøya og Brunholmen var før attfyllinga av sundet på 1800-talet. Den geografiske Brunholmen til høgre på biletet, Aspøya til venstre. Molovegen endar ved plassen midt i biletet.
Jervellbua med Ålesund fiskerimuseum ligg ved Molovegen, like i nærleiken av den eigentlege Brunholmen.
Tidlegare sjøbuer (nå ominnreia). Dei to husa nærast fotografen, heilt til høgre i biletet, ligg på Brunholmen.

Brunholmen i Ålesund ligg like nord-aust for Aspøya i Brosundet og er ein flat holme på ca. 120 x 95 meter. Han stikk inn i Brosundet som ei landtunge og skil dimed den ytre og indre hamna i Ålesundet. Den eigentlege Brunholmen har i dag særs tettbygde kvartal mellom gatene Brunholmkaia, Fløttmanngata og Brunholmgata. Aksel Holms plass er møtestad for gatene Molovegen, Øwregata og Apotekergata. Namnet «Brunholmen» blir i dag mest bruka som omtale av ein grunnkrins og eit sentrumsstrok i Ålesund. Tidlegare var stroket prega av skipshandlarar og fiskemottak i dei mange, store sjøbuene ved Brosundet. Lokalpolitisk blir Brunholmen styrt av bydelsutvalet for Aspøya.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]