Vigsel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bryllaup)
Gå til: navigering, søk
Giftarmålet mellom Maria og Josef måla av Giotto di Bondone.

Vigselen er eit ritual som symboliserer opprettinga av ekteskapet i dei fleste kulturar, mellom anna kristen tradisjon. På folkemunne seier ein gjerne at ein giftar seg.

Ein vigsel er som regel ein seremoni styrt av ein representant for styresmaktene eller eit trussamfunn. Dei som skal inngå ekteskapet stadfester at dei vil dette, anten munnleg, ved å skriva under på ei kontrakt, eller ved ei særskild handling. Med på vigselen er ofte familie og vitne.

Etter det formelle er det vanleg å halda ei stor bryllaupsfeiring. Dagen for bryllaupet kan òg markerast i seinare år. Bryllaupsdagen er eit privat jubileum for dei som har gifta seg, og kan vera grunn til feiring ved runde årstal.

Løftet[endre | endre wikiteksten]

Ein vigsel blir ofte markert ved at dei som gifter seg trer gifteringar på fingrane til kvarandre.

I Noreg kan ein gifte seg borgarleg, som er eit ikkje-religiøst giftemål som etter 1. januar 2018 kan gå føre seg hjå kommuneadministrasjonane i staden for hjå tingrettane (sorenskrivarane) som tidlegare, eller i eit ikkje-religiøst livssynssamfunn med offentleg vigselsrett. Eller ein kan gifta seg i eit kristent eller anna religiøst trussamfunn som har offentleg vigselsrett.

I dei fleste former for ekteskapsvigsel er det vanleg å love truskap til maken i «gode og vonde dagar» heilt til «døden skil oss frå kvarandre». Denne lovnaden er eit uttrykk for eit ynskje om å halde saman resten av livet med den personen ein giftar seg med, uansett kva som måtte hende. Difor vert det sagt at ekteskapet er det sterkaste bandet eit menneske kan knyte til eit anna.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]