Vitne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit vitne er ein person som har opplevd eller vurdert noko og som kan forklara seg om dette. Ordet «vitne» kjem frå norrønt vitni, og har samband med det å vite.[1]

I etterforskings- og rettsakssamanheng vil dette ofte vera nokon som har sett, høyrt, tenkt, meint, følt eller sagt i samband med ei viss sak eller ei hending. Eit augevitne er nokon som har direkte erfaring frå saka. Eit sakkunnig vitne kan dela ekspertise knytt til saka.

Ein kan også vere vitne i samband med dokument og prosedyrar for å sikre at alt går rett føre seg. Rettsvitne er til dømes vitne til saksgangen i rettssaker der ein berre har den tiltalte og ein dommar.[2] Vitne til kontraktar og andre dokument kan skriva under på at dokumentet er utforma slik det står.

I religiøs samanheng kan ein vere vitne til noko ein sjølv har opplevd, til dømes å ha sett eller høyrt noko guddommeleg.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg pliktar kvar å møte og forklare seg som vitne for retten. Ein pliktar også å møte for politiet, men er ikkje pliktig til å forklare seg for politiet. Eit unntak gjeld for offentlege tenestemenn, som pliktar å forklare seg om det de har blitt kjent med gjennom si stilling, i forhold der dei ikkje er underlagt teieplikt.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «vitne» i Nynorskordboka.
  2. Janne-Marit Myklebust (12. mars 2014). «Treng fleire rettsvitne». Møre-Nytt. 
  3. Sjå «Straffeprosessloven Kap.10». Lovdata. Henta 16. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]