Buachaille Etive Mòr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Buachaille Etive Mòr
Stob Dearg
Munro, marilyn
Stob Dearg frå Glen Etive
Land  Skottland
Topp Glen Etive
 - høgd 1 022 moh.
 - Primærfaktor 533 m
 - koordinatar 56°38′50.29″N 4°53′52.07″W / 56.6473028°N 4.8977972°W / 56.6473028; -4.8977972
Kart
Buachaille Etive Mòr
56°38′50″N 4°53′52″W / 56.647302777778°N 4.8977972222222°W / 56.647302777778; -4.8977972222222
Wikimedia Commons: Buachaille Etive Mòr

Buachaille Etive Mòr (skotsk-gælisk Buachaille Eite Mòr, som tyder «den store gjetaren frå Etive»), generelt berre kalla The Buachaille eller The Beuckle[1], er eit fjell øvst i Glen Etive i Dei skotske høglanda i Skottland. Det har nesten ei perfekt pyramideform sett frå hovudvegen A82, og er eit av dei lettast gjenkjennelege fjella i Skottland, ofte vist på postkort og kalendrar.

Buachaille Etive Mòr består av ein nesten 8 km lang rygg og er nesten omkrinsa av River Etive og sideelvane hennar. Ryggen består av fire toppar: Stob Dearg (1022 m), Stob na Doire (1011 m), Stob Coire Altruim (941 m) og Stob na Bròige (956 m). Stob Dearg og Stob na Bròige er begge Munroar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]