Buckingham Palace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Buckingham Palace

ArkitektWilliam Winde, John Nash
Opna1849
Stilnyklassisistisk arkitektur, Georgiansk arkitektur
Kart
Buckingham Palace
51°30′4″ N 0°8′31″ W

Buckingham Palace i London har sidan 1837 vore den offisielle bustaden til den britiske monarken. Palasset blei opphavleg bygd i 1703 av hertug John Sheffield av Buckingham og Nordmandie som såkalla «town housse». Dåverande «Buckingham House» blei kjøpt av George III i 1761. Slottet var meint som ei gåve til Charlotte, kona hans. Året etter starta omfattande oppgradering av slottet, som då fekk namnet «Queen's House». Etter fleire ombyggingar, særleg på 1800-talet, omfattar Buckingham Palace i dag over 600 rom, med tilhøyrande område på 20 hektar. I slottet finst også eit viktig kunstgalleri.

Buckingham Palace.
Hestegarden, vaktskifte ved Buckingham Palace.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein kan i løpet av sommaren få guida omvisingar i nokre delar av Buckingham Palace. Slottet er sannsynlegvis mest kjend for vaktskiftet, Changing of The Guards. Det skjer klokka 11.30, og varar i cirka 45 minutt. Under seremonien blir den gamle vaktstyrken erstatta av ein ny.

Litt om slottet[endre | endre wikiteksten]

Buckingham Palace er residensslottet i Storbritannia. Flaget er alltid heist når dronninga er der. Det går mange vaktar utanfor heile tida. Slottet ligg inntil Green Park og St. James´s Park.

Slottet blei bygd i 1703, og blei brukt av hertug John Sheffield av Buckingham, men etter kvart blei det seld til kong Georg III i 1761. Dronning Victoria gjorde det til sin offisielle heim i 1837. 18 av dei 600 romma i slottet er opne for turistar om sommaren. Slottet har blitt bygd om mange gonger seinare.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Buckingham Palace