Buerbreane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Buerbreen

Buerbreane, det vil seie Øvre Buerbreen og Nedre Buerbreen, er to brearmar av Folgefonna. Desse ligg i Odda kommune i Hordaland. Buerbreane strekkjer seg austover frå Folgefonna og ned mot Buerdalen. Buerelvi fører smeltevatnet frå Buarbreane gjennom Buerdalen til Sandvinvatnet. Buerbreen hadde framstøyt rundt 1930, men trekte seg så tilbake. Breen hadde eit framstøyt igjen på 1990-talet, men har trekt seg tilbake igjen sidan 1997. Årleg frontposisjonendring vert målt av NVE.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Buerbreane