Bureja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bureja
elv
BureyaHPP3.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 70 700 km²
Lengd 623 km
Kjelde Pravaja Bureja og Levaja Bureja
Munning Amur
Bureya.png
Wikimedia Commons: Bureya River

Bureja (russisk Бурея) er ei elv i Amur og Khabarovsk kraj i Russland og ei av sideelvane til Amur frå venstre.

Elva oppstår der elvane Pravaja Bureja (Høgre Bureja) og Levaja Bureja (Venstre Bureja) renn saman. Kjelda til Pravaja Bureja på sørsida av Esopryggen, medan Levaja Bureja har utspring på vestsida av ryggen Dusse-Alin. Elva er 623 km lang, men medrekna Pravaja Bureja 739 km lang. Heile nedslagsfeltet hennar er 70 700 km² og omfattar 1500 innsjøar med eit areal på til saman 51 km².

Dei viktigaste sideelvane hennar er Niman, Tujun, Tyrma og Urgal.

I nedslagsfeltet til Bureja finst det førekomstar av kol og jernmalm.

Burejskaja vasskraftverk er bygd ved elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]