Buvik
Buvik er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Sør-Trøndelag, opphavleg ein del av Byneset kommune. Buvik blei frådelt som eigen kommune med 841 innbyggjarar i 1855.
1. januar 1964 blei området Langørgengardane i Buvik med 11 innbyggjarar slått saman med Flå, Horg, Hølonda og Melhus kommunar til den nye Melhus kommune.
1. januar 1965 blei Buvik slått saman med Børsa og Skaun kommunar til den nye Skaun kommune. Buvik hadde på dette tidspunktet 1.267 innbyggjarar.