Småköping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Byköping)

Småköping er ein fiktiv by i bøkene til den svenske forfattaren Nils-Olof Franzén om privatdetektiven Agaton Sax. På originalspråket heiter byen Byköping. Den geografiske plasseringa til Småköping vert ikkje oppgjeven i bøkene, men det kjem fram at det må vere ein stad i det sørlege Midt-Sverige. Storleiksmessig verkar byen ikkje vere meir enn ein mindre tettstad, men staden har iallfall eiga avis; Småköpingsposten (originalnamn: Byköpingsposten), og eigen politkonstabel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]