CTMP

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

CTMP - chemithermomechanical pulp, kjemisk termo-mekanisk masse, er ei nemning på tremasse som vert produsert ved å male treflis i raffinørar. Før flisa vert malen, blir ho impregnert med ulike kjemikaliar (natriumsulfitt, lut), og varma opp ved hjelp av vassdamp.

Den ferdig malne flisa blir så løyst opp i vatn, bleika til rett farge, tørka og pressa saman i ballea.

Bruksområde: Tissue, drikkekartong, tapet.

I Noreg vert det produsert CTMP på MM Karton Follacell i Follafoss