C Sharp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

C# (uttala C sharp) er eit objektorientert programmeringsspråk utvikla av Microsoft som ein del av satsinga deira på .NET-plattforma. Microsoft valde å basera C# på programmeringsspråka C++ og Java. C# vart designa for å balansera styrke (C++) og rask utvikling (Java).

Sjefarkitekt for gruppa som jobbar med C# og utviklar C# hos Microsoft er danske Anders Hejlsberg. Microsofts C#-kompilator kompilerer ikkje C#-kode til maskinkode som kan køyrast direkte frå ei datamaskin, slik tradisjonelle kompilatorar gjer. I staden vert alt kompilert til mellomformat, som skildra for .NET.

Datatypar[endre | endre wikiteksten]

Ein C#-brukar kan definera eigne datatypar, bruka dei innebygde, eller frå .NET-rammeverket. Primitive datatypar vert automatisk konvertert mellom rein binærform og objektform ut ifrå kva brukaren brukar det til, dette vert kalla boxing og unboxing.

C# støttar heiltal med og utan forteikn og flyttal opp til 128-bitar, men støttar ikkje 80-bitar [IEEE] flyttal (80-bitar).

I motsetnad til programmeringsspråka C og C++, støttar ikkje C# heiltal som boolske verdiar, men programmereren må eksplisitt bruka datatypen bool.

Hello, world[endre | endre wikiteksten]

public class ExampleClass
{
    public static void Main()
    {
        System.Console.WriteLine("Hello world!");
    }
}

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]