Calbuco
Calbuco | |
vulkan | |
Calbuco frå nord langs veg 225 ved breidda av Llanquihuesjøen. (11. feb. 2010)
| |
Land | ![]() |
---|---|
Region | Los Lagos |
Fjellkjede | Andes |
Høgd | 2 015 moh. |
Primærfaktor | 1 946 m |
Koordinatar | |
Geologi | Pleistocen |
Vulkantype | Stratovulkan |
Siste utbrot | 1972 |
Wikimedia Commons: Calbuco Volcano | |
Calbuco er ein stratovulkan sør i Chile, som ligg søraust for Llanquihuesjøen og nordvest for Chaposjøen i Los Lagos-regionen. Vulkanen og det kringliggande området ligg i Llanquihue nasjonalreservat. Vulkanen er ein særs eksplosiv andesittvulkan som kollapsa seint i pleistocen og skapte eit ras som nådde innsjøen.
Innhaldsliste
Vulkanaktivitet[endre | endre wikiteksten]
Calbuco har hatt minst ni utbrot sidan 1837 og det siste kom i 1972. Eit av dei største vulkanutbrota i sørlege Chile fann stad her i 1893–1894. Kraftige utbrot sende 30 cm store bomber ut opp til 8 km unna krateret, i lag med store mengder varme laharar. Kraftige eksplosjonar skjedde i april 1917 og ein lavadom oppstod i krateret i lag med varme laharar. Eit anna kort utbrot fann stad i januar 1929 med ein pyroklastisk straum og lavastraumar. Det siste store utbrotet skjedde i 1961 og sende ei oskesøyle 12–15 km opp i lufta og spreidde seg søraustover i lag med to lavastraumar. Det var eit lite, fire timar langt utbrot den 26. august 1972. Kraftige fumaroler vart sett ved hovudkrateret den 12. august 1996.
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Calbuco frå nord langs veg 225 ved breidda av Llanquihuesjøen. (2010)
Frå vulkanen Osorno (2006)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Calbuco (volcano)» frå Wikipedia på engelsk, den 8. januar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- González-Ferrán, Oscar (1995). Volcanes de Chile. Santiago, Chile: Instituto Geográfico Militar. s. 640 pp. ISBN 956-202-054-1. (in Spanish; also includes volcanoes of Argentina, Bolivia, and Peru)
- «Calbuco». Global Volcanism Program, Smithsonian Institution. http://www.volcano.si.edu/world/volcano.cfm?vnum=1508-02=.
- Biggar, John (2005). The Andes: A Guide for Climbers (3rd ed.). Andes Publishing (Scotland). s. 304 pp. ISBN 0-9536087-2-7.