Caltagirone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dekorert trapp i Caltagirone
Caltagirone

Caltagirone er ein by og ein kommune i provinsen Catania i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har om lag 39 000 ibuarar med ei flatevidd på 382 km². Byen Caltagirone ligg 608 meter over havet, 70 km sørvest for provinshovudstaden Catania.

Byen har i lang tid vore kjend for sin produksjon av keramikk, særleg majolica- og terrakotta-varer. I dag er produksjonen i større grad vend mot framstilling av skulpturar i keramikk og terrakotta. Næringslivet elles er basert på landbruk; dyrking av druer, oliven og fersken.

Byen vart nesten fullstendig lagd i ruinar under Sicilia-jordskjelvet i 1693. Mange offentlege og private bygningar vart sidan bygd i ein einskapleg barokkstil. Det er hovudgrunnen til at byen, saman med fleire byar i Val di Noto vart teke med på UNESCO si verdsarvliste i 2002.

Caltagirone er kjend som fødestaden til Luigi Sturzo, grunnleggaren av Partito Popolare Italiano, det seinare Democrazia Cristiana.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]