California Institute of Technology
Utsjånad
(Omdirigert frå Caltech)
California Institute of Technology er eit privat forskingsbasert universitet i Pasadena i delstaten California i USA. Det vert jamleg rangert som eit av dei ti fremste teknologiske universiteta i verda, og har hatt fleire nobelprisvinnarar blant studentane og lærekreftene her.
Caltech hadde i 2008 femte plass globalt på Times si liste over dei beste universiteta i verda.[1]
Caltech vart grunnlagt i 1891 av den lokale forretningsmannen Amos G. Throop. Astronomen George Ellery Hale spelte ei viktig rolle i oppbygginga og var frå 1907 leiar for Mt. Wilson-observatoriet. Caltech fekk det noverande namnet i 1921.
Det er 2 086 studentar ved Caltech (2006), og skulepengane er US$ 32 835. Undervisinga vert gjeve opp til doktorgradsnivå (Ph.D).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «California Institute of Technology» frå Wikipedia på bokmål, den 3. januar 2014.