Cap Fréhel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cap Fréhel

Cap Fréhel er ei halvøy i Côtes-d'Armor, nord i Bretagne i Frankrike, som strekkjer seg ut frå Côte d'Émeraude og ut i Golfe de Saint-Malo. Det ligg ingen byar eller landsbyar på halvøya, men mellom anna to fyr. Det eine er frå 1600-talet, og det andre frå 1950. Neset ligg 8,5 km frå byen Fréhel.

Halvøya er omringa av klipper, slik at det er vanskeleg å nå ho frå sjøen. Heile terrenget er dekt av lyngheier og myrområde, slik at det er vanskeleg å byggje noko her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Cap Fréhel