Cap de Creus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
El Golfet sett frå Cap Gros på Cap de Creus

Cap de Creus (Krossnesetkatalansk) ligg heilt nordaust i Catalonia i Spania, om lag 25 km sør for grensa til Frankrike. Den næraste byen er Figueres, hovudstaden i Alt Empordà og fødestaden til Salvador Dalí. Ho er ei halvøy som dekkjer 190 km² med eit merkverdig landskap. Området er tørt og steinete, nesten utan tre. Fjella er dei austlegaste områda av Pyrenane, som dannar den naturlege grensa mellom Spania og Frankrike. Området vert ofte utsett for nordavinden «tramontana» (bortanfor fjella) som fleire gonger har ført til forlis i havområdet utanfor. Cadaqués er den mest kjende landsbyen her, heimstad for kunstnarar og forfattarar, nær Port Lligat der Dalí bygde heimstaden sin. El Port de la Selva, med ei lita fiskehamn er ein annan landsby. Sant Pere de Rodes står 500 meter opp med flott utsyn over halvøya og Pyreneane. Her står eit kloster frå 1000-talet.

Cap de Creus er det austlegaste punktet på fastlandet av Catalonia. Ei segn fortel at neset vart skapt av Herkules.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 42°19′09″N 3°19′19″E