Capelinhos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Capelinhos på Faial i Asorane. Fyret viser kor Ponta dos Capelinhos låg før utbrotet.

Capelinhos er ei vulkan vest på øya Faial i Asorane.

Eit vulkansk utbrot som varte meir enn eitt år frå 27. september 1957 til 24. oktober 1958 gjorde øya 2,4 km² større. Det nye området vart kalla Ponta dos Capelinhos og under utbrotet oppstod om lag 300 jordskjelv. Utbrotet starta 1 km utanfor det gamle neset Ponta dos Capelinhos. Oska vart kasta 1 km bort frå vulkanen, som skapte enorme eksplosjonar og mange jordskjelv. 300 hus vart øydelagd i Capelo og Praia do Norte og 2000 vart evakuert. Dei fleste emigrerte til USA og andre stader i Nord-Amerika. Capelinhos er enden av ei rekkje vulkanar. Innanfor det nye neset står eit fyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Capelinhos» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Machado, F; Parsons, Willard H.; Richards, Adrian F.; Mulford, John W. (1962): Capelinhos Eruption of Fayal Volcano, Azores, 1957-1958. Journal of Geophysical Research, Vol. 67, p.3519
      • Mitchell-Thorme, R.C.; (1981): Vulcanicity of Historic Times in the Middle Atlantic Islands: Bulletin of Volcanology, v. 44, s. 57-70.
      • Cole, P.; Duncan, A.; Guest, J; (1996): Capelinhos: The disappearing volcano. Geology Today 12 (2), 68-72.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 38°35′12″N 28°42′51″W