Caracas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn over dei fattige områda av Caracas, Los barios.

Caracas er hovudstaden i Venezuela, og har rundt 1,7 millionar innbyggjarar, 3,6 millionar medrekna byar og tettstader omkring (2004). Byen ligg nord i landet, nær det karibiske havet.

Caracas er fødebyen til Francisco de Miranda og El Libertador, Simón Bolívar.

Statue av Simón Bolívar i Caracas.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen blei grunnlagd i 1567 under namnet Santiago de León de Caracas av den spanske oppdagaren Diego de Losada.

Eit jordskjelv jamna han med jorda den 26. mars 1812. Styresmaktene i byen hevda at dette var Gud si straff mot dei som gjorde opprør mot den spankse krona.

Med aukande oljeutvinning i Venezuela i første halvdel nittenhundretalet voks byen som økonomisk senter. Han var òg eit knutepunkt for trafikken mellom Europa og Sør-Amerika. Ei tid hadde mellom anna overlydsflyet Concorde ei flyging i veka til Caracas.

Byen har to store fotballstadionar: Olympiastadion, med plass til 35.000 tilskodarar, og Brigido Iriarte Stadion, med plass til 25.000.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Caracas