Carles Puigdemont

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carles Puigdemont
Retrat oficial del President Carles Puigdemont cropped.jpg
Fødd 29. desember 1962
Amer
Yrke journalist, politisk aktivist, politikar
Carles Puigdemont på Commons

Carles Puigdemont Casamajó (fødd 29. desember 1962) er ein spansk politikar. Han var President de la Generalitat de Catalunya, øvste politiske leiar av Catalonia, tidlegare ordførar i Girona. Han snakkar katalansk, spansk, engelsk, fransk og rumensk.

Han er fødd i Amer (la Selva) 29. desember 1962, og bur i Girona, er gift og har to barn. Han har ein grad i katalansk filologi frå Universitetet i Girona og har hatt ein karriere som journalist i El Punt, der han etterkvart blei redaktør, og sjefsredaktør i Catalonia Today, ei dagsavis på engelsk som han var med på å starta.

Utanom den tida han var direktør for Kulturhuset i Girona (2002-2004), har han alltid vore tilsett i spanske media. Han har vore aktiv i politikken sidan han første gong blei nominert som kandidat for partiet CiU i november 2006, då blei han valt inn for Girona i parlamentet for Catalonia. Som parlamentsmedlem har han vore leiar for Kultur- og språkkommisjonen og medlem i Aksjonen for utanriks og EU-relasjonar, og Kommisjonen for ungdomspolitikk.

Puigdemont blei sidan ordførarkandidat for nasjonalistane i Girona både i 2007 og 2011. I 2011 blei han den første ikkje-sosialistiske ordføraren i landet så lenge det har vore demokratisk. I ordførartida hans var han medlem i styret i Association of Municipalities for Independence (AMI), leiar i Komiteen for kulturhistorisk arv, president i den Spanske føderasjonen for kommunar og provinsar (FEMP) og visepresident i det katalanske kommuneforbundet. I lokalvalet i mai 2015 fekk han fornya tillit som ordførar. Frå juli 2015 til januar 2016 var han president i Association of Municipalities for Independence (AMI).

12. januar 2016 blei han offisielt innsett som den 130. presidenten i Catalonia.

I eit ekstraordinært møte på ettermiddagen den 27. oktober 2017 erklærte det katalanske parlamentet at regionen er ein sjølvstendig republikk. Ein time etter tok senatet i Spania over styringa av regionen, i tråd med paragraf 155 i den spanske grunnlova. Regjeringa og president Carles Puigdemont blei avsett fordi dei har arbeidd for å skilja Catalonia frå Spania, noko som er ulovleg etter grunnlova. Senatet i Madrid utlyste samstundes nyval i regionen 21. desember.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Carles Puigdemont