Carmen Garayalde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carmen Garayalde
Carmen Garayalde.jpg
Fødd 8. august 1913
Montevideo
Død

8. september 2002 (89 år)

Yrke biletkunstnar, kunstlærar, kunstmålar, teiknar, grafiker
Ektefelle José Luis Massera
Born Ema Massera Garayalde

Carmen Garayalde Zubizarreta (8. august 19138. september 2002) var ein uruguayansk lærar, kunstnar og politisk aktivist.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Carmen Garayalde blei fødd 8. august 1913 i Montevideo i Uruguay i ein økonomisk solid familie av basksike innvandrarar. Som ungdom studerte ho song og fiolin, og blei med i kammerorkesteret José Pedro Massera, skipa av vennene og familien til Massera Lerena, som songar.[2]

Garayalde studerte måling ved Círculo de Bellas Artes, der ho haddde Domingo Bazurro og Guillermo Laborde som lærarar. Garayalde kom til å studera under sistnemnde igjen ved Universidad del Trabajo del Uruguay for å læra om komposisjon og dekorasjon. Ho tok også timar i måling og gravering hjå Cecilia Marcovich, Demetrio Urruchúa og María Carmen Portela. Under rettleiing frå Portela byra Garayalde å utvikla den grafiske teknikken koldnålsradering.[3]

Garayalde hadde ein nær vennskap med Amalia Polleri, og dei to laga ein plakat i lag som einstemmig vann ei tevling halden av Comisión de Damas for å senda naudhjelp til Spania i 1937. To år seinare deltok dei to kvinnene ved ei utstilling skipa av Demetrio Urruchúa ved Plaza de Cagancha i Montevideo.[4]

I 1938 gifta ho seg med José Luis Massera, og dei fekk to barn. Paret gjekk med i kommunistpartiet under andre verdskrigen.[5]

På 1970-talet drog Gayalde i eksil på grunn av den politiske forfølginga under militærdiktaturet i Uruguay. Ho budde i Barcelona og var aktiv i eksilrørsla Frente Amplio en el Exterior.[5]

I 1991 var ho tilbake i Montevideo og heldt for første gong ei retrospektiv separatutstilling av nokre av verka sine. I 2013 blei det halde ei retrospektiv utstilling av teikningane og graveringane hennar ved Museo de Arte Contemporáneo de El País.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Garayalde, Carmen». autores.uy (på spansk). Autores. Henta March 28, 2017. 
  2. García Ferreira, Roberto (2011). «La fiebre que llega desde el Norte: la correspondencia privada de un matrimonio comunista en los orígenes de la Guerra Fría (1947–1948)». SudHistoria (på spansk). Henta November 30, 2017. 
  3. Di Maggio, Nelson (2013). Artes visuales en Uruguay: diccionario crítico (på spansk). Zonalibro. s. 271. ISBN 978-9974991569. 
  4. «Amalia Polleri». issuu.com (på spansk). ISSUU. Henta March 28, 2017. 
  5. 5,0 5,1 «Museo Nacional de Artes Visuales», mnav.gub.uy (på spansk), henta 27. juni 2021 
  6. Revista Dossier 8 (42), 2014, ISSN 1688-3683 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • El Cerro ved Museo Nacional de Artes Visuales