Hopp til innhald

Carpentariabukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carpentariabukta
bukt
Land  Australia
Del av Arafurahavet
Kart
Carpentariabukta
13°45′S 139°00′E / 13.75°S 139°E / -13.75; 139
Plasseringa av Carpentariabukta. Ho dekker eit havområde på rundt 300 000 km².
Plasseringa av Carpentariabukta. Ho dekker eit havområde på rundt 300 000 km².
Plasseringa av Carpentariabukta. Ho dekker eit havområde på rundt 300 000 km².
Wikimedia Commons: Gulf of Carpentaria
Carpentariabukta på eit nederlandsk kart frå 1859.
Carpentariabukta mellom Bentinck-øya og det australske fastlandet.
Laddingsmalm frå sinkgruva i McArthur River ved Bing Bong-lastingsverket, 2011
Karumbastranda i Karumba i Queensland.
Melbidir II for anker ved Karumba nær munningen avNorman-elva.

Carpentariabukta (/kɑrpənˈtɛəriə/) er eit hav ved den nordlege kysten av Australia. Det er omkransa på tre sider av nordre Australia, og grensar mot det austlege Arafurahavet i nord, som skil Australia og New Guinea. Den nordlege grensa er generelt definert som ein linje frå Slade Point i Queensland (det nordvestlege hjørnet av Cape York-halvøya) i nordaust, til Cape Arnhem på Govehalvøya i Northern Territory (det austlegaste punktet av Arnhem Land) i vest.

Ved munningen er bukta 590 kilometer (370 mi) km brei og lenger sør er ho 675 kilometer (419 mi) km. Lengda frå nord til sør er over 700 kilometer (430 mi) km. Ho dekkjer eit vassområde på rundt 300 000 km². Djupna er generelt mellom 55 og 66 meter (30 og 36 fathom) og overgår ikkje 82 meter (45 fot).[1] Tidvasshøgda i Carpentariabukta er mellom 2 og 3 meter (6,6 og 9,8 ft) fot).[2] Bukta og den tilstøtende Sahul-sokkelen var tørt land på høgda av den siste istida for 18 000 år sidan, då det globale havnivået var rundt 120 meter (390 ft) m under den noverande høgda si. På denne tida var det ein stor, grunn innsjø i sentrum av det som no er bukta.[3] Det finst eit stort undervassområde med korallrev i bukta som fyrst blei dokumentert i 2004.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Yulluna (også kjent som yalarnga, yalarrnga, jalanga, jalannga, wonganja, gunggalida og jokula) er eit australsk aboriginarspråk tala ved bukta. Yulluna-språkregionen omfattar kommunen Shire of Cloncurry.[5]

Kayardild (også kjent som kaiadilt og gayadilta) er eit anna aboriginarspråk som omfattar Shire of Mornington .[6]

Den fyrste europeiske utforskaren som vitja regionen (og Australia) var den hollandske Willem Janszoon (namnet hans er òg skrive Jansz) på reisa si i 1605-06. Landsmannen hans Jan Carstenszoon (eller Carstensz) vitja bukta i 1623 og kalla henne opp etter Pieter de Carpentier, som då var guvernørgeneral for Nederlandsk Austindia. Abel Tasman utforska òg kysten i 1644. Regionen blei seinare utforska og kartlagd av den engelske navigatøren Matthew Flinders i 1802 og 1803.

Den første ekspedisjonen over land som nådde bukta var Burke og Wills-ekspedisjon, leia av Robert O'Hara Burke og William John Wills som forlet Melbourne i Victoria i august 1860 og kom til munningen av Bynoe-elva i februar 1861. Begge utforskarane døydde på heimvegen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Landet som har kyst mot bukta er generelt flatt og lågt. I vest er Arnhem Land, toppdelen av Nordterritoriet, og Groote Eylandt, den største øya i bukta. I aust ligg Cape York-halvøya og Torressundet, som knyter saman bukta med Korallhavet. Området i sør (som Cape York-halvøya, ein del av Queensland) er kjent som Gulf Country.

Gulf Country omfattar dei største intakte savanneskogane i verda i lag med innfødde grasområde. Økoregionen er kjend som Carpentaria tropisk savanne. Skoglandet strekjer seg òg ut langs vest- og austkysten av bukta. Det er dominertt av eukalyptus- og tetre-artar frå myrtefamilien.

Klimaet er varmt og fuktig med to årstider i året. Tørketida varer frå rundt april til november, og er karakterisert av svært tørre søraust-til-austavindar som blir skapte av migratoriske høgtrykkssystem i sør vinterstid. Regntida varer frå desember til mars. Størstedelen av regnet i året fell i desse månadene, og i denne tida blir mange lågtliggande område overfløymde. Buktaer utsett for tropiske sykloner i tida mellom november og april. Ho har i gjennomsnitt tre syklonar kvart år.[2] Dei transporterer truleg sediment med klokka langs kysten av bukta.[7]

I mange andre delar av Australia er det dramatiske klimaendringar over relativt korte avstandar. Great Dividing Range, som går parallelt med heile aust- og søraustkysten, er ansvarleg for det typiske mønsteret med ei godt vatna kyststripe, eit relativt smalt band fjell, og deretter ei vidstrekt, innvendig drenerande slette som får lite nedbør. I Gulf Country finst det derimot ikkje fjell som avgrensar nedbøren til kystbandet, og det er ein gradvis overgang frå den frodige tropiske vegetasjonen i kystområda til dei tørre krattområda i sentrale Australia.

I september og oktober dukkar eit skyfenomen kjent som Morning Glory opp i den sørlege delen av bukta. Den beste staden å sjå dette fenomenet frå er i området rundt Burketown like etter daggry.

Korallrev[endre | endre wikiteksten]

Carpentariabukta er kjent for å innehalda kantrev og isolerte korallkoloniar, men det finst ikkje nokon barriererev eller overflaterev i bukta for tida.[8] Dette har likevel ikkje alltid vore tilfelle. Ekspedisjonar utført av Geoscience Australia i 2003 og 2005 ombord på RV «Southern Surveyor» viste at det var eit område medundervasskorallrev som dekker minst 300 km² sør i bukta.[9] Revdelane har den øvre delen sin på gjennomsnittlege vassdjupner på 28,6 ± 0,5 meter (93,8 ± 1,6 ft). Dei var ikkje blitt oppdaga av satellitt- eller luftfotografi, og blei berre identifiserte ved hjelp av sonarundersøkingar med fleire strålar, supplert med prøvar og video frå havbotnen. Desse reva tyder på ein tidlegare vekstfase i sein kvartær med kjøligare klima og lågare havnivå enn i dag.[4]

Større elver[endre | endre wikiteksten]

Større elvar i Top End er Roper River, Walker River og Wilton River, som renn ut i Carpentariabukta. Cox River, Calvert River, Leichhardt River, McArthur River, Flinders River, Norman River og Gilbert River renn ut frå Gulf Country. Fleire elvar renn frå Cape York-halvøya inn i bukta, mellom anna Smithburne River, Mitchell River, Alice River, Staaten River, Mission River, Wenlock River ob Archer River.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Større område med sjøgras har gjere det mogleg å driva kommersiell rekefiske i bukta.[10] Det blir vunne ut sink, bly og sølv frå sinkgruva ved McArthur River og eksportert gjennom bukta. Ei anna sinkgruve, Century Zinc, finst i bukta på Queensland-sida av grensa. Ho eksporterar produkta sine gjennom hamna i Karumba. Storfindustrien er òg ein svært viktig del av den regionale økonomien kring bukta.

Ifølge den dåverande formannen av Gulf of Carpentaria's Commercial Fisherman's Organisation, Gary Ward, auka talet på observerte indonesiske skip som fiska ulovleg i bukta i førstedelen av 2005.[11] I 2011 hadde talet på ulovlege fiskebåtar ein fann gått kraftig ned, med årsaken gjeve at ein hadde auka invervensjonar og utdanningsprogram i Indonesia.[12]

I 2012 blei det foreslått å bygga ei stor ny hamn vest for Karumba med jernbanesamband til North West Minerals Province av Carpentaria Rail. Fordelane med ei hamn i Karumba i staden for Townsville var at ho ville vera tre eller fire dagar nærare Asia via shippingruter.[13] Ei utviding av Bing Bong-hamna, som skipar ut frå sinkgruva ved McArthur River, fekk ein Northern Territory Earth Award.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sector 1: North Coast of Australia – Gulf of Carpentaria». Sailing Directions (enroute).: North, west, and south coasts of Australia. National Imagery and Mapping Agency. 2001. s. 3. Henta 6 October 2020.  or Sector 1: North Coast of Australia – Gulf of Carpentaria
  2. 2,0 2,1 Scott Smithers (2010). «Queensland». I Eric C.F. Bird. Encyclopedia of World's Coastal Landforms. Springer. s. 1255. ISBN 978-1-4020-8638-0. 
  3. Torgersen, T., Hutchinson, M.F., Searle, D.E., Nix, H.A., 1983. General bathymetry of the Gulf of Carpentaria and the Quaternary physiography of Lake Carpentaria. Palaeogeogr., Palaeoclimatol., Palaeoecol. 41, 207-225
  4. 4,0 4,1 Harris, P.T., Heap, A.D., Marshall, J.F., McCulloch, M.T., 2008. A new coral reef province in the Gulf of Carpentaria, Australia: colonisation, growth and submergence during the early Holocene. Marine Geology 251, 85-97.
  5. CC-BY-4.0-lisensiert tekst frå: «Yulluna». Queensland Aboriginal and Torres Strait Islander languages map. State Library of Queensland. Henta 28 January 2020. 
  6. CC-BY-4.0-lisensiert tekst frå: «Indigenous languages map of Queensland». State Library of Queensland. State Library of Queensland. Henta 5 February 2020. 
  7. Harris, P.T., Heap, A., 2009. Cyclone-induced net sediment transport pathway on the continental shelf of tropical Australia inferred from reef talus deposits. Continental Shelf Research 29, 2011-2019.
  8. Veron, J.E.N., 2000. Corals of the World. Australian Institute of Marine Science, Townsville.
  9. Harris, P.T., Heap, A.D., Wassenberg, T., Passlow, V., 2004. Submerged coral reefs in the Gulf of Carpentaria, Australia. Marine Geology 207, 185-191.
  10. Tomascik, Tomas; Anmarie Janice Mah; Anugerah Nontji; Mohammad Kasin Moosa (1997). The Ecology of the Indonesian Seas: Part Two. Periplus Editions. s. 829. ISBN 962-593-163-5. Henta 17 November 2011. 
  11. Ian Townsend (18 April 2005). «Govt to step up Gulf of Carpentaria patrols». PM (radio program) (Australian Broadcasting Corporation). Henta 28 September 2012. 
  12. Paul Sutherland (10 November 2011). «Less illegal fishing in the Gulf of Carpentaria». ABC News (Australian Broadcasting Corporation). Henta 28. september 2012. 
  13. Nick Dalton (28 June 2013). «Port plan could see hundreds of jobs and build strong export links». The Cairns Post (News Limited). Henta 11 July 2013. 
  14. Fluor Corporation (29 March 2020). «McArthur River Mine and Port Project». Henta 27. mars 2020.