Cassino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cassino i 2010
Cassino i 1944

Cassino er ein by og ein kommune i provinsen Frosinone i regionen Lazio i Italia. Kommunen har 35 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 82,8 km². Byen Cassino ligg 40 meter over havet, 37 km frå Tyrrenhavet. Til provinshovudstaden Frosinone er det 53 km i nordvestleg retning.

Cassino ligg ved foten av Monte Cairo, nær åmotet mellom Gari og Liri. Byen er best kjend for slaget om Monte Cassino under andre verdskrigen, samt som setet for abbediet av Montecassino. Slaget ved Monte Cassino i 1944 førte til store tap av menneskeliv på både alliert og tysk side, og mest heile byen vart lagt i ruinar.

Fiat har ein bilfabrikk i Cassino.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]