Hopp til innhald

Caterine Ibargüen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Caterine Ibargüen

Ibargüen under friidretts-VM 2015
StatsborgarskapColombia
Fødd12. februar 1984 (42 år)
Apartadó
Yrkefriidrettsutøvar
Språkspansk
Høgd181 centimeter
Caterine Ibargüen på Commons

Caterine Ibargüen Mena (fødd 12. februar 1984) er ein kolombiansk friidrettsutøvar frå Apartadó i Antioquia-departementet som tevla i høgdehopp, lengdehopp og tresteghopp. Ho er tofaldig verdsmeister i tresteghopp og vart olympisk meister i øvinga i 2016. Både i 2011 og 2015 vann ho trestegtevlinga ved dei panamerikanske leikane. Ibargüen sette søramerikansk rekord i tresteghopp med 15,31 m i 2014.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]
  • OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa i høgdehopp (1,85 m =nr 16)
  • VM 2005 i Helsinki: Utslått i kvalifiseringa i høgdehopp (1,84 m =nr 23)
  • VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa i høgdehopp (1, 85m =nr 28)
  • VM 2011 i Daegu: Bronsemedalje i tresteghopp – 14,84 m
  • OL 2012 i London: Sølvmedalje i tresteghopp – 14,80 m, bakom Olga Rypakova (14,98m)
  • VM 2013 i Moskva: Gullmedalje i tresteghopp – 14,85 m, framom Jekaterina Koneva (14,81 m)
  • VM 2015 i Beijing: Gullmedalje i tresteghopp – 14,90 m, framom Hanna Knjazjeva-Minenko (14,78 m)
  • OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje i tresteghopp – 15,17 m, framom Yulimar Rojas (14,98 m)
  • VM 2017 i London: Sølvmedalje i tresteghopp – 14,89 m, bakom Yulimar Rojas (14,91 m)
  • VM 2019 i Doha: Bronsemedalje i tresteghopp – 14,73 m
  • OL i 2021 i Tokyo: Nr 10 – 14,25 m