Cato Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cato Hansen
Personleg informasjon
Fødd 26. mai 1988 (35 år)
Fødestad Stavanger
Høgd 176
Posisjon Midtbane / angripar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Sogndal
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2006-2008
2006
2009-10
2009
2011
Noreg Bryne
Noreg Klepp (lån)
Noreg Brann
Noreg Løv-Ham (lån)
Noreg Sogndal
44 (10)
? (?)
23 (0)
9 (6)
19 (0) [1]
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. september 2011

Cato Hansen (fødd 26. mai 1988 i Stavanger) er ein norsk fotballspelar. Hansen spelar for Brann og er spiss, men kan òg spele i kantrolla. Han debuterte i Tippeligaen for Brann i første serierunde 2009 mot Sandefjord, då han vart bytta inn og spelte dei siste 35 minutta.

Hansen var hausten 2009 på utlån til Løv-Ham. På grunn av ein skade gjekk han glipp av siste del av sesongen, men han scora seks mål på dei ni kampane han spelte for laget og vart med det toppscorar for laget .[2]

Hansen har tidlegare spelt for Bryne, samt vore på utlån til Klepp. Hansen er ein typisk rask bakromsspiss, men er samstundes god med ballen i beina. Han er son av tidlegare fotballspelar Hugo Hansen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk og internasjonal fotballstatistikk
  2. «- Dette er bare trist». bt.no. 12. oktober 2009. Henta 21. november 2009.