Seladon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Celadon)
Seladongods frå Longquan i Kina på 1200-talet, under Song-dynastiet.

Seladon (eller celadon) er namnet på både ein type glasert blå-grøn kinesisk keramikk som i Kina heiter qingci (青瓷, 'grøn porselen'), og på ein glasur i same farge som vart nytta på keramikk i andre austasiatiske land, til dømes i Korea i perioden Koryŏ (918-1392). Nemninga kan òg visa til sjølve fargen.

Seladonglasurar er gjennomskinnlege, svakt blå-grøne glasurar med ein sterkare farge der glasuren ligg tjukkare. Denne typen steintøy blei opphavleg utvikla i Kina, særleg i provinsen Zhejiang, der pottemakarane kom fram til denne glasuren på sjuhundretalet e.Kr. Kunsten å laga seladonkeramikk spreidde seg til ikkje berre Korea, men òg til Japan og Nord-Thailand. Denne typen keramikk vart særleg populær av di fargen likna på jade, ein stein som vart halde for å vere heilag.

Det europeiske namnet på denne keramikken kjem frå den grønfarga kappa til gjetaren Céladon, helten i hyrderomanen l'Astrée frå 1610 av den franske forfattaren Honoré d'Urfé. Denne romanen vart gjeve ut i ein periode då det var særs populært i Frankrike med porselen importert frå Kina med denne fargen, og difor vart fargen på varig vis assosiert med kappa til Céladon, slik ho var skildra i romanen. Etter kvart skjedde det same i andre europeiske land òg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«seladon» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Seladon
Spire Denne kunstartikkelen som har med historie og kjemi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.