Château-Salins
Hopp til navigering
Hopp til søk
Château-Salins | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Lorraine Moselle | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
10,76 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
2 470 230/km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 57170 |
Château-Salins (tysk Salzburgen) er ein liten by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Moselle i regionen Lorraine, og har om lag 2 500 innbyggjarar.
Château-Salins er senter i området Saulnois, som produserer salt. Både byen og området har tatt namn etter saltproduksjonen.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Château-Salins vart først nemnd i 1346 som Chastelsalins. Etter den franske revolusjonen vart byen ein kort periode kalla Salines Libres. Frå 1800 til 1871 høyrte Château-Salins til departementet Meurthe, og frå 1871 til slutten av den første verdskrigen var byen ein del av Tyskland. Då byen igjen vart fransk i 1919 vart byen ein del av departementet Moselle.