Champagne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opning av ei champagneflaske.
Champagnedistriktet.

Champagne (fransk nemning som på norsk òg har vore skrive og uttalt sjampanje) er ein kvit, musserande (skummande) vin frå Champagne-distriktet i regionen Champagne-Ardenne nord-aust i Frankrike. Det som får vinen til å skumme, er innhaldet av koldioksid (kolsyre), same som i brus. I ekte champagne er dette utvikla i vinen under annan gongs gjæring på flaske etter at vinen fyrst har vorte laga i gjæringskar på vanleg vis, ikkje tilsett den ferdige vinen etterpå. Vinen står difor under trykk på flaska, som må vere av det solide slaget, gjerne med korken festa til flaska med ståltråd. Opning av ei champagneflaske har såleis fest over seg, ettersom det er lett for at innhaldet sprutar utover.

For at vinen skal kunne kallast champagne, må druene ha vore dyrka innanfor grensene av distriktet Champagne, og vinen vorte laga her etter føresegnene som gjeld for Appellation d'origine contrôlée (AOC) («kontrollert opphavsnemning»). Musserande vin frå andre distrikt i Frankrike, eller frå andre land, er såleis ikkje champagne, jamvel om denne nemninga ofte vert nytta om musserande vin som ikkje stettar krava til å verte kalla champagne.

Organisasjonen Comité Interprofessionel du Vin de Champagne (CIVC), som vert støtta av Institut National de l’Origine et de la Qualité (INAO), tek vare på og fremjer interessene til produsentane av champagne.