Charles Bozon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Charles Bozon
Fødd 15. desember 1932
Chamonix
Død

7. juli 1964
Aiguille Verte

Charles Bozon (15. desember 19327. juli 1964) var ein fransk alpinist frå Chamonix som under VM i alpine greiner 1962 i heimstaden Chamonix vart verdsmeister i slalåm.

Bozon VM-debuterte i Åre i 1954 og kom på del femteplass i utforrennet. Under Vinter-OL 1956 kom han på andreplassen i kombinasjonen, noko som gav han VM-sølv, ettersom kombinasjonen ikkje stod på OL-programmet. Sølvmedaljen var basert på ein femteplass i storslalåm, ein sjuandeplass i slalåm og ein åttandeplass i utfor, alle tre OL-øvingar.

Under vinterleikane 1960 i Squaw Valley tok Bozon bronsen i slalåm og vart nummer ni i begge dei andre OL-øvingane. I 1962 var det klart for verdsmeisterskap i heimstaden hans, Chamonix. Her vann han ein suveren siger i slalåm, 1,40 sekund føre landsmannen Guy Périllat.

Frå 1956 til 1961 vann Bozon seks franske meisterskap; to i både slalåm, storslalåm og utfor. Bozon vann slalåmrenna i Madonna di Campiglio i både 1957 og 1959.

Bozon omkom i eit snøskred på Mont Blanc sommaren 1964.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar