ChatGPT

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
ChatGPT
UtviklarOpenAI
Oppretta30. november 2022
Nyaste versjonChatGPT Mar 14 Version
Plattformnettlesar
Lisensproprietær lisens
Nettstadhttps://chat.openai.com/chat

ChatGPT er ein kunstig intelligent samtalerobot. 'GPT' i namnet er akronym for det engelske generativ pre-trained transformator og er ei nemning for ei gruppe av språkmodellar. Dette er ein trent språkmodell utvikla av OpenAI. Han er ein samtalerobot som bruker overvakt læring og forsterkande læring, med menneskelege trenarar som speler begge sider av samtalen. Modellen vart trent på Microsoft Azure infrastruktur i samarbeid med Microsoft.

ChatGPT kan etterlikne menneskeleg samtale, skrive dataprogram, svare på testspørsmål, skrive poesi, spele spel og meir. Han kan brukast til kreativ skriving og omsetting av språk, mellom anna kan ChatGPT gjenkjenne nynorsk. Han hugsar også tidlegare meldingar i ein samtale og har høvet til å tilpasse svara sine. OpenAI erkjenner likevel at ChatGPT nokre gonger kan gje feilaktige eller useriøse svar. Modellen har også avgrensa kunnskap om hendingar etter 2021 og har ikkje lov til å gje uttrykk for politiske meiningar. Modellen har òg avgrensingar i treningsdata, inkludert skeivskap i algoritmar og har preferanse for lengre svar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: ChatGPT