Chicagoskulen i meteorologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Chicagoskulen er ei retning innan meteorologien som vart utvikla ved universitetet i Chicago frå 1945 til 1950. Utviklinga vart leia av den svensk-amerikanske meteorologen Carl-Gustaf Rossby. Utviklinga bygde på ei kartlegging av luftrørsler i den øvre troposfæren over det meste av den nordlege halvkula. Desse luftstraumane går som bølgjer omkring heile polkalotten frå vest mot aust og vert kalla Rossbybølgjer etter Rossby, som studerte desse i 1939. Arbeidet hans danna grunnlaget for forskingsgruppa i Chicago, som kom fram til metodar for å rekne ut forflyttingar og endringar av desse lange bølgjene. Dei analyserte òg for første gong jetstraumane, som er sterke, konsentrerte vindfelt i 10-12 km høgd med vindsnøggleik opp mot 50 m/s og meir.

Chicagoskulen har vore eit viktig tillegg til Bergensskulen i meteorologi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]