Chinook

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adiabatisk oppvarming av lufta som strøymer nedover, skapar den varme chinookvinden.

Chinook er ein fønvind i indre område vest i Nord-Amerika der den kanadiske prærien og Dei store slettene møter fleire fjellkjeder. Han har opphav i ein våt, varm kystvind frå Stillehavet.[1]

Ein sterk chinook kan få nesten 30 cm med snø til å forsvinne på ein dag. Snøen delvis smeltar og fordampar i den tørre vinden. Chinooken har òg stundom heva vintertemperaturen frå under -20 ºC til 10-20 ºC i løpet av eit par timar eller dagar. Rekorden er frå ein chinook den 15. januar 1972 i Loma i Montana då temperaturen steig heile 57 ºC på 24 timar, frå -48 ºC til 9 ºC.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]