Christian Roy Kaldager

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Roy Kaldager
Fødd 18. mars 1908
Baltimore
Død

23. juni 2005

Yrke flygar, general

Christian Roy Kaldager (fødd 1908 i Baltimore i USA, død 2005) var ein norsk flyoffiser.

Han tok eksamen ved Sjøkrigsskulen i 1931 og ved Marinens flygeskule i 1932. Frå 1936 til 1941 var han kaptein i handelsflåten. Frå 1942 var han i Flyvåpenet og tenestegjorde under den andre verdskrigen som leiar for 330-skvadronen.

Han vart forfremja til oberst i 1953 og generalmajor i 1960. Han var generalinspektør i Flyvåpenet frå 1957, og i 1962 vart han leiar for Luftkommando Østlandet og SN sine flystyrkar i Kongo. Frå august 1963 til desember 1963 var han sjef for alle SN-styrkane i Kongo. Han etterfølgde Kebbede Guebre, og vart sjølv etterfølgd av Johnson Aguiyi-Ironsi.[1] Han var konstituert stabssjef i Forsvarets overkommando frå 1964 til 1968, og deretter kommandant på Akershus festning frå 1968 til 1973 og direktør for Forsvarets høgskule frå 1969 til 1970.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]