Cilurnum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cilurnum

Kart
Cilurnum
55°01′34″N 2°08′20″W / 55.026°N 2.139°W / 55.026; -2.139

Cilurnum eller Cilurvum var ein festning langs Hadrianmuren som blei nemnd i Notitia Dignitatum. Han er no blitt identifisert som festningsruinane ein har funne ved Chesters i nærleiken av landsbyen Walwick i Northumberland i England. Festningen blei bygd i år 123, like etter at muren var fullført.

Cilurnum er rekna som den best bevarte romerske kavalerifestningen langs Hadrianmuren. Staden blir no teken var på av English Heritage som Chesters Roman Fort. Det er eit museum på staden som huser funn herfrå og frå andre stader langs muren.

Festningen verna om ei bru, Chesters Bridge, som tok romarvegen Military Way bakom muren og over North Tyne. Det er att massive landstøtter frå denne brua ved festningstaden. Cilurnum blei oppretta som ein kavalerifestning, for gjengjeldingsåtak inn i barbarområde nord for muren, og blei seinare overført til infanteriet. Hadrian sjølv oppmuntra til ein Disciplina-kult blant legionar stasjonerte ved muren, og ein tidleg inskripsjon på eit altar dedikert til Disciplina, funnem i 1978, indikerer at det tidlegaste kjende militære nærværet var ei fløy av kavaleriet, ala Augusta ob virtutem appellata ('kalla Augusta på grunn av tapperheiten sin'). Det er òg funne inskripsjonar som viser Cohors I Delmatarum, frå dagens Bosnia-Hercegovina, og Cohors I Vangionum Milliaria Equitata frå Øvre Rheinland i Tyskland òg var stasjonerte her.

Fire store romerske søyler som ein trur kom frå Cilurnum er blitt brukt i den sørlege midtgangen i St Giles-kyrkja ved Chollerton, eit par miles oppstrøms frå festningen.

Ettertid[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 1800-talet flytta Nathaniel Clayton, eigaren av Chesters House og landeigedommen rundt, fleire hundre tonn jord for å dekka over dei siste restane av fesningen som del av utviklinga av parklandskapet sitt. Han skapte med dette ein jamn, uavbroten grasskråning ned til elva Tyne. Før dei forsvann tok han var på ei rekkje romerske gjenstandar som han bevarte i familien.

Sonen hans John Clayton, som arva eigedommen i 1832, engasjerte ei gruppe arbeidarar til å grava ut igjen ruinane av festningen. Han skipa også eit lite museum til å visa fram funna. John Clayton kjøpte også Housesteads Fort, Carrawburgh Mithraic Temple, Magnis i Carvoran og andre historiske stader, og gjorde fleire utgravingar.

Museet blei bestilt i 1895 og opna i 1903. Det er ein verna bygning lista som grade II* utforma av Richard Norman Shaw. Museet viser nokre av dei romerske funna til John Clayton.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Cilurnum