Cirkus Agora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cirkus Agora var eit norsk omreisande sirkus som blei skipa i 1989 av direktør Jan Kjetil Smørdal, som då var 25 år gammal. Agora blei slått konkurs i november 2008. Dei starta opp igjen i mars 2009 og turnerte ein periode under sjangeren nysirkus, utan dyr i manesjen. Cirkus Agora gjekk igjen konkurs etter sesongen 2009.