Clare Bice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Clare Bice
Nasjonalitet Kanadisk
Fødd 24. januar 1909
Durham, Ontario
Død

18. mai 1976
Newfoundland og Labrador

Yrke Forfattar og illustratør
Sjanger Barnelitteratur

Clare Bice (24. januar 190918. mai 1976)[1] var ein kanadisk kunstnar, kurator, og barnebokforfattar og -illustratør.

Bice vart fødd i Durham i Ontario og voks opp i London i Ontario. Han tok ein Bachelor of Arts-grad i historie og engelsk ved University of Western Ontario i 1928. Frå 1930 til 1932 studerte han ved Art Students League of New York og Grand Central School of Art i New York. Hans kunstnarlege arbeid inkluderer landskaps-, portrett- og stillebenmåleri. Frå 1940 til 1972 var han kurator ved Williams Memorial Art Gallery and Museum (no Museum London).[2]

Han skreiv og illustrerte fem barnebøker:

  • Jory's Cove (1941)
  • Across Canada: Stories of Canadian Children (1949)
  • The Great Island (1954)
  • A Dog for Davie's Hill (1956)
  • Hurricane Treasure (1965).

Bice illustrerte seks bøker av den kanadiske forfattaren Catherine Anthony Clark (1892–1977): The Golden Pine Cone (1950), The Sun Horse (1951), The One-Wing Dragon (1955), The Silver Man (1958), The Diamond Feather (1962), og The Hunter and the Medicine Man (1966).

Clare Bice var medlem av Ontario Society of Artists som er Canadas eldste framleis eksisterande "art society" - kunstforeining.[3] Frå 1967 til 1970 var han president i Royal Canadian Academy of Arts.[4]

I 1973 vart Clare Bice tildelt Order of Canada «for his contribution to the fine arts as painter, author-illustrator and gallery director».[5]

Omsett til norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Canada rundt - Forteljingar om kanadiske gutar og gjenter, omsett av Eli Oftedal, Det norske samlaget, Oslo 1951.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]