Comună

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein comună er ei administrativ eining i Romania.[1]

Romania er delt inn i 41 judeţ («fylke»). Innafor kvart judeţ er det tre ulike kategoriar på det kommunale planet:

  • municipiu (store bykommunar)
  • oraș (små bykommunar)
  • comună (landkommunar)

Dei tre typane kommunar ligg administrativt på det same nivået, men bykommunane har fleire lokale styringsoppgåver enn dei mindre comună. For å få status som oraș må kommunen ha minst 5000 innbyggjarar og ein viss grad av urbanisering.[2] Ved utgangen av 2019 var det 2861 landkommunar (comună) i Romania.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Constituţia României (Grunnlov for Romania)». Camera Deputaţilor (Det rumenske parlamentet). 8. desember 1991. s. Titlul I, Articolul 3 (3). Henta 15. mars 2022. «Teritoriul este organizat, sub aspect administrativ, în comune, oraşe şi judeţe. În condiţiile legii, unele oraşe sunt declarate municipii. (Territoriet er organisert administrativt i comună [«landkommunar»], oraş [«bykommmunar»] og judeţ [«fylke»]. Nokre bykommunar kan bli erklærte municipiu, slik det er stadfesta i lov.)» 
  2. «Lege nr.351 din 6 iulie 2001 privind aprobarea Planului de amenajare a teritoriului naţional (Lov nr. 351 av 6. juli 2001 om godkjenning av Nasjonal arealplan)». Camera Deputaţilor (Det rumenske parlamentet). 6. juli 2001. Henta 15. mars 2022. 
  3. «Anuarul statistic al României (Statistisk årbok for Romania)» (PDF). Institutul Național de Statistică - ROMÂNIA (Det nasjonale instituttet for Statistikk – Romania). 2020. Henta 15. mars 2022. «1.8: Organizarea administrativă a teritoriului României, la 31 decembrie 2019 Administrativ organisering av territorium i Romania, 31. desember 2019» 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Romania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.