Concord i Massachusetts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plassering av Concord (mørkeraud) på eit kart over Massachusetts
Main Street frå Monumet Square.

Concord er ein by i Middlesex County i Massachusetts i USA. Byen vart grunnlagd i 1635. Byen har ei flatevidd på 261 km² og hadde 17 668 innbyggarar i 2010.

Concord har ein særleg plass i US-amerikansk litteraturhistorie. Mange av dei fremste forfattarane i den US-amerikanske romantikken budde her, mellom dei Ralph Waldo Emerson og Nathaniel Hawthorne. Concord var på den tid kjernestaden for ei nyidealistisk rørsle kjent under namnet transcendentalismen.

Vatnet Walden Pond er berømt, på breidda av dette budde Henry David Thoreau i to år i ei tømmerhytte. Erfaringane hans med det enkle livet, skreiv han om i sitt berømte verk Walden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]